Korleis skal Fossbergom sjå ut i framtida?

Nordplan AS har fått i oppdrag å gjennomføre ei overordna moglegheitsstudie for Fossbergom (Lom sentrum). Denne skal i grove trekk vise potensielle tiltak og forbetringar for sentrum, på både kort og lang sikt.

Studiet er akkurat ferdigstilt, og du kan lese rapporten her:  (PDF, 10 MB)

Det har tidleg i prosessen vore gjennomført ei runde med medverknad, der ein har bede om innspel frå folk i Lom, både privatpersonar, lag/organisasjonar og næringsliv. Det var spesifikt bede om innspel på følgjande tema:

  • Parkeringsstruktur og tilrettelegging for el-bil
  • Utvikling av møteplassar og torg
  • Fortettingspotensiale og utviklingsmoglegheiter
  • Tilrettelegging for friluftsaktivitetar i tilknyting til sentrum

Høyringsrunda vart publisert både i Fjuken, på kommunen sine heimesider og i sosiale media. Det kom inn ei rekkje gode innspel, av svært ulik karakter og med ulikt fokus. Ikkje alle er innarbeida i forslaget, men alle innspel er lese, gjennomgått og vurdert.

Nordplan har i moglegheitsstudia fremme følgjande anbefalingar for kommune sitt vidare arbeid:

Anbefalte, prioriterte tiltak på kort sikt:

Parkering:

  • Ny strategi for skilting og informasjon rundt parkering, herunder dei tiltak med lang- og korttidsparkering som er beskrive over.
  • Etablere sommarparkering bak badeanlegget på Fossberg, samt på parkering bak Midtgard
  • Sommarjobbprosjekt med parkeringsguidar

Torg og møteplasser:

  • Etablere bilfritt torg mellom Coopen og Fossberg
  • Foreslåtte oppgraderingar i Presthaugen
  • Generell oppgradering av møblering og avfallshandtering, herunder mellom anna framfor Nilsbue og på Kyrkjevollen

Tilrettelegging friluftsliv:

  • Styrke og forbetre Bergomsrunda, både med informasjon, tiltak og skilting
  • Tilretteleggje ny tilgang til Presthaugen, med terrengtrapp og kobling Lykkja-gangveg til bru Lom Camping
  • Etablere badstu for utleige, samt oppgradere område rundt utleggsbrua
  • Tilretteleggje badeplass ved Skim, kanskje også ved Tronoddbrua

Tidsmessig bør det vera mogleg å få planlagt desse tiltaka, og eventuelt få dei ut på anbod ila hausten 2022, slik at gjennomføring kan skje så fort snøen er gått i 2023. Nokre av tiltaka er reine innkjøp, som kan gjerast utan mykje prosjektering, berre registrering av antal og plasseringar. Om ein må velje mellom tiltaka over, meiner Nordplan at skilting/strategi for parkering, opparbeiding av torget mellom Coopen og Fossberg, forbetring Presthaugen og møblering/avfallshandtering nok er dei viktigaste tiltaka.

Anbefalte, prioriterte tiltak på lang sikt:

Av tiltaka Nordplan har foreslått på lang sikt, er dei viktigaste punkta etter deira syn desse:

1. Etablering av parkeringshus på Klukkargardtomta. Ev. med bygg oppå/framfor som Bt. 2

2. Flytting av kollektivterminal til Coop-plassen

3. Etablering av bilfritt torg på Fosstuguområdet

Etablering av parkeringshus, samt fortetting på coop-plassen er også viktige tiltak som kunne vore eit stort løft for Lom sentrum, men det er mogleg ein bør vurdere behov, dersom ein fyrst har etablert parkeringshus på Klukkargardtomta.

Som nevnt før, ligg gjennomføring av desse tiltaka uansett mange år fram i tid, kanskje 10 år eller meir. Erfaringsmessig krev slike større omstillingar lange prosessar og modning både hjå befolkning og beslutningstakarar, og kanskje kan denne studien i så måte bidra til å sette i gang tankeprosessar som kan munne ut i realiserte prosjekt.

Vidare prosess: 

Samfunnsutvalet fekk overlevert moglegheitstudie 20. juni, og har gitt administrasjonen mynde til å sette i gang ein prosess for medverknad, og til å foreslå konkrete tiltak for gjennomføring i budsjett- og økonomiplan 2023-2026. 
Det er mellom anna ynskjeleg å få til ein næringspub i haust, der moglegheitsstudiet blir eit tema i haust. Det er ynskjeleg å ha dialog med involverte parter før noko blir iverksatt. 

Sjå bildegalleri av 3D-modeller her:
Lenke til sjølve rapporten finn du i ingressen.