Stillingssleppet, lærlingsleppet og jobbmessa

Kjære arbeidsgjevar! Vi ynskjer å invitere deg med på stillingsslepp, lærlingslepp og jobbmesse 9. februar 2023!

Dekorativt bilde.

Våre ambisjonar er at sleppet skal vere attraktivt for deg som arbeidsgjevar, med enda betre moglegheiter for deg som arbeidsgjevar til å finne dei rette folka!

I 2023 blir det både stillingsslepp og lærlingslepp same dag som jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vgs. avdeling Otta. Slik ynskjer vi å bidra til enklare rekruttering, medan vi gjer det enklare for tilflyttarar å finne jobb for to.

Tidsplan

2. januar
Arbeidsgjevarar kan legge inn stillingane sine samt lærlingplassar på www.komtiloss.no

6. februar
Siste frist for å legge inn stillingar.

9. februar
Stillingsslepp, lærlingslepp og jobbmesse
11.30 - 12.00 Livesending digitalt, med stillingsslepp og lærlingslepp
12.00 - 14.00 Jobbmesse med stand for arbeidsgjevarar 

Ynskjer du å delta?

  • Du kan legge inn di stilling/lærlingplass på www.komtiloss.no frå 2. januar.
    Ta kontakt med næringssjefen i din kommune dersom du treng hjelp til å legge inn.
     
  • Du kan delta med stand på jobbmessa, meld deg på til Arne.Christian.Mehlum@nav.no så snart som mogleg.
     
  • Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Stian Høglien i Interkommunalt politisk råd for Nord-Gudbrandsdal. Han kan treffast på e-post: stian.hoglien@regionkontoret.no eller telefon 988 33 723

Alt er gratis for arbeidsgjevar, det er opp til deg om du vil delta på eit eller fleire arrangement.

Du finn og informasjon om arrangementa på Facebook:

Den 9. februar 2023 blir stillingssleppet, lærlingssleppet og jobbmessa arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal, NAV, Karriere Innlandet Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og seks opplæringskontor.