Vellukka frukostmøte med næringslivet 19.april

Vi går ein spennande vår og sommar i møte her i Lom. På frukostmøte onsdag 19.april vart næringslivet orientert om hendingar i tida som kjem. Det er all grunn til å glede seg!

Onsdag 19. april var det frukostmøte for næringslivet i Lom på Nordal Turistsenter. På agendaen var planlegging av vår- og sommarsesongen 2023. Vi kan mellom anna sjå fram til konsert med Emma Steinbakken i Presthaugen 3.juni, Landskappleik og NRK sakte-TV frå sykkelsetet.

Programmet for frukostmøtet:

• NAV introduserer "Superrask søknad", for å lette rekruttering v/ Arne C. Mælhum

• Kva kan vi finne på i saman under jubileumsfeiringa i Lom 1. og 3. juni v/ Anita Koot i Scandinavia Tours, på vegne av Sparebank1 Lom og Skjåk

• Landskappleiken i Lom – kva bør næringslivet ha kjennskap til v/ Grete Sjurgard

• Bustadkonferanse og tilflyttartreff v/ Åshild M. Amundsen og Hege Myhre

• NRK-sakte TV v/ Mari Wedum i Visit Jotunheimen

• Nordisk 4H-leir i Lom – kva skjer v/ Turi Elise Kaus i 4H Oppland

Les referat frå frukostmøtet for næringslivet 19.04.23 her. (PDF, 143 kB)

Presentasjonane finn du her:

NAV - Superrask søknad: Superrask søknad arbeidsgiver _Presentasjon NAV (PPTX, 999 kB)

Fjellbanken/Scandinavia Tours - Jubileumsfeiring 1. og 3.juni: presentasjon-frokostmøte190423_Anita (PPTX, 10 MB)

4H Oppland - Nordisk 4H-leir i Lom: Nordisk 4H leir - Turi Elise Kaus 4H Oppland (PPTX, 4 MB)