100% fast stilling som løn- og rekneskapskonsulent

Vil du arbeide med løn og rekneskap i Lom kommune?

Lom kommune er for tida inne i ein spennande omstillingsprosess mellom anna med fokus på digital transformasjon. Økonomiavdelinga har difor behov for ein dyktig, sjølvstendig og utviklingsorientert medarbeidar med vilje og evne til å arbeide mot kommunen sine felles mål og satsingsområde.

Vi ynskjer ein medarbeidar som er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid. Vidare er det ynskjeleg at du er ein pådrivar for å innføre og implementere digitale løysingar. Du samarbeider godt både i høve til kollegar, brukarar og samarbeidspartar.

 

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg bestå av;

  • Ansvar for lønsarbeid
  • Oppfølging av sjukepengar
  • Oppfølging i forhold til lover, forskrifter og avtaler
  • Innrapportering av a-melding, pensjon, skatt og avgifter
  • Rekneskapsføring og avstemming
  • Utviklingsarbeid og internkontroll
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

 

Av utdanning krevst det økonomisk-/administrativ utdanning frå høgskule eller fagutdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Det er ønskjeleg med erfaring innanfor lønsarbeid. Erfaring frå kommunal verksemd vil væra ein fordel, men er ikkje et krav. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

 

Lom kommune tilbyr ei spennande stilling med sjølvstendig ansvar, varierte oppgåver og ein utfordrande arbeidskvardag. Dei fleste arbeidsoppgåvene som ligg i stillinga kan løysast digitalt, og det kan leggast til rette for noko heimearbeid om ynskjeleg. Kommunen kan også tilby gode pensjon- og forsikringsvilkår.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar økonomi Anniken Stee telefon 41 44 37 71

  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
  • Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

 

Elektronisk søknad kan leverast via vår heimeside www.lom.kommune.no eller via direktelink nedanfor

Send inn ein elektronisk søknad sainast 12. mai 2024

 

Søknadsfrist: 12.05.2024

 

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Fotograf alle bileta nedanfor: Live Andrea Sulheim

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

Kontakt

Anniken Stee
Avdelingsleiar økonomi
Mobil 414 43 771