Breiband, kva skjer?

Her kjem ei lita statusoppdatering pr. 14 mai!Trådløst_henta frå pixabay - Klikk for stort bilde

  • Kommunestyret i Lom har løyvd kr. 1 475 000 som kan brukast til breibandsutbygging.
  • Formannskapet har vedtatt at kr. 66 000 (+ kr. 66 000 i regionale midlar) skal brukast i Staurust, som ein del av utbygging til Skjåk Energi / Eidsiva
  • Resterande sum skal brukast som medfinansiering i søknaden om stateleg støtte (NKOM-søknad). Nord-Gudbrandsdalen sender ein felles søknad som skal inn til Oppland fylkeskommune den 25. mai. Lia og omegn er prioritert som område i søknaden. Dette er det einaste område som har husstandar som er definert som «heilt kvite» (under 10 Mbits) jamfør dekningskarta til NKOM.
  • Endeleg geografisk avgrensing (Lia og omegn) blir bestemt når utbyggingskostnaden er klar. Eidsiva / Eidefoss jobbar no med å få ei oversikt over den. Vi må rekne med ein gjennomsnittleg pris på ca. kr. 40 000 – 65 000 pr. husstand for fiber.
  • Fleire dugnadsgrupper har jobba godt for å kartlegge interessa for fiber. Interessa er stor.
  • Det er sett av kr. 6,4 millionar i stateleg støtte til prosjekt i Oppland, ca. 12 millionar i fylkeskommunale midlar og kr. 600 000 i regionale midlar.
  • Telenor jobbar med fiberutbygginga i Bøverdalen no, og alle innanfor utbyggingsområdet skal ha vorte kontakta. Ta kontakt med Telenor dersom du har spørsmål angåande dette.
  • Det er sett av kr. 34 000 av regionale midlar til Lom vest, i tillegg til eventuelle midlar til overs etter NKOM-søknaden.

Det er elles mogleg å ta kontakt med næringssjef Åshild M.Amundsen ved Lom kommune dersom du treng hjelp eller har spørsmål angåande breiband (sjå kontaktinfo på høgre side).

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977