Foredrag i Lom: Trafikksikkerheit og ungdom

Torsdag 31. januar fekk 200 ungdomar og eit tjuetals vaksne i Lom storfint besøk av Ivar Ringen frå Trygg trafikk. Staden var kulturstugu i Utgard, og tema for dagen var trafikksikkerheit. "ingen skal gå ut igjen herfra i dag uten å vite..."

Ingen skal gå ut igjen herfra i dag uten å vite... - Klikk for stort bilde Trygg Trafikk Oppland har i mange år drive viktig forebyggjande arbeid med tanke på å syna ansvar i trafikken, noko samlinga i Utgard denne dagen er eit godt døme på. Det var ei musestille og gripen forsamling som tok imot sterke inntrykk frå foredragshaldaren som etter foredraget fekk SMS frå ein av deltakarane: "eg fekk meg ein skikkeleg støkk i meg i dag, eg skal iallefall aldri gløyma setebeltet att!" -ein attest som nok syner at foredraget har nådd fram med bodskapen sin.

Evida-stiftelsen heldt og eit innlegg med overskrifta "Ein uvanleg dag". Her var det sterke inntrykk, og det verka som at mange sat med klump i halsen under innlegget.Ivar Ringen frå Trygg Trafikk Opplang - Klikk for stort bilde

Det vart understreka at vaksne er viktige rollemodellar for ungdommen som snart skal bli- eller nettopp har blitt trafikantar. Å ta ansvar for å vera ein trygg og fornuftig medtrafikant er forebyggjande for å hindra tap av liv i trafikken, og å unngå alvorlege og livsvarige skadar.

Ivar Ringen, Lisa Kronhaug og elevar - Klikk for stort bilde

Rektor ved ungdomsskulen i Lom, Lisa Kronhaug vurderte foredraget slik: «dersom foredraget kan forhindra ein person i å fyllekjøre ein gong eller å sitja i bil utan bilbelte, var dette god tidsbruk».

 

Les meir om: