Kommunalt tilskot til landbruk 2018

Retningsliner for bruk av næringsfondet i Lom kommune (PDF, 183 kB) er blitt revidert og er vedtatt av Lom kommune og godkjent av Fylkesmannen i Oppland sommar 2017.

Dokumentet omfattar alle næringar med eigne kapittel for landbruk og skogbruk. I landbruket kan det gjevast tilskot for driftsbygningar, fellestiltak, nydyrking, kjøp av mjølkekvote, beiterydding, vassvegar/damanlegg/vatningsanlegg og nyetablering av husdyrhald. Det siste er eit nytt formål med eit nytt sett av krav. I skogbruket er det moglegheit for å søkje tilskot til avverking, drift i mellomvanskeleg terreng og skogbruksveg. I budsjettforslag er det avsett 650.000 kr for landbruks- og skogbrukstiltak i 2018.

 

Søknadsfrist er som tidlegare 15. mai, bortsett frå avverkingstilskot i skogbruk og tilskot til drift i mellomvanskeleg terreng som vert vurdert etterskotsvis pr. år etter innmålt kvantum i året.  

 

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko.

Kontakt

Silke Hansen
Konsulent jordbruk
Mobil 905 75 253
Per Ekre
Skogbruksjef Vågå, Lom og Skjåk
Telefon 61 29 36 74
Mobil 958 26 661