Kulturskulen - presisering

Søknad- og oppseiingsfrist 1.mai. Har du plass og skal halde fram gjer du ingenting. Treng du plass, søkjer du. Skal du slutte, må du seie opp.

Har du alt plass i kulturskulen og vil halde fram? Då treng du ikkje gjera noko. Alle elevar i kulturskulen blir automatisk elevar i den felles kulturskulen frå hausten også.

Har du plass, men vil byte til anna tilbod? Då må du søkje/melde ynskje til rektor, så legg vi det inn i det store puslespelet. Byte av aktivitet er heilt greitt så sant det er ledig plass på den aktiviteten du vil byte til. Du må ikkje seie opp plassen din, berre be om flytting til anna tilbod.

Har du sysken i kulturskulen, eller har du fleire aktivitetar sjølv? Då har vi syskenmoderasjon som gjer det rimelegare for deg. Det er litt ulike ordningar og satsar for tilboda i Lom og Skjåk. For neste år er det Lom sine vilkår som gjeld i Lom, og Skjåk sine vilkår gjeld i Skjåk.
Dette vil nok bli samordna til neste år att (søknadsprosessen for skuleåret 2019/2020).

Vi har elektronisk søknadskjema her. Ta kontakt med meg om de lurar på noko.

Beste helsing

Rektor