Lom - ein av fire pilotkommunar!

Lom kommune er ei av fire pilotkommuner som skal teste ut nytt fagadministrativt system med bruk av mobilapp både for tenestemottakar og tenesteytar i tilrettelagte tenester.

Bilde av arbeidsgruppe nytt fagadmsystem miljøarbidartenesta - Klikk for stort bilde

Miljøarbeidartenesta i Lom kommune skal vera med å visa veg inn i framtida for andre kommuner i landet. Med kontinuerlege krav om digitalisering og effektivisering, er det ingen tvil om at miljøarbeidartenesta vår er på god veg: Saman med det Valdresbaserte firmaet Weisstech og tre andre kommuner har i dag startskotet for prosjektet gått! Det nye fagadministrative systemet som skal utarbeidast ser allereie lovande ut, kan leiar for miljøarbeidartenesta Ann-Mette Fjeld Hoft melda. 

Kontakt

Ann-Mette Fjeld Hoft
Leiar miljøarbeidartenesta
Mobil 474 53 241