Vil du gjere ein innsats for å rydde opp plast /avfall etter flaumen?

Det har vore gjort ein stor frivillig innsats for opprydding av plast og anna avfall i Grov! Konteineren som sto nærast Bøvre er no flytta til industriområdet, ved elveforbygninga like aust for Eidefoss sin trafostasjon. Den andre konteineren står fortsatt ved køyresporet vestover mot moloen/ badeplassen i Grov. Begge konteinarane er for plast og anna avfall som er rydda frå strandsona.

Frå fredag 02.11 og ei stund framover blir det plassert ut to konteinerar for restavfall i Grov, for plast og anna avfall som blir rydda frå strandsona her. Du kan også levere innsamla avfall frå strandsona langs Otta og Bøvre på Lom miljøstasjon - meld frå til dei som arbeider der at det er avfall innsamla etter flaumen. Ikkje bruk NGR-merka sekker, du får plastsekker til å plukke/ levere avfall i på servicetorget på kommunehuset.

Bruk hanskar og egna arbeidstøy/ fottøy. Vis varsemd – djupe vasshol kan vere gøymt under glasoporen!
Kanner som kan innehalde brennbare væsker, kjemiske stoff og anna farleg avfall må plasserast ved sidan av konteineren – ikkje oppi!

Glasopor: 
Kommunen samarbeider med Fylkesmannens miljøvernavdeling og Glasopor AS for å finne den beste metoden for å fjerne glasoporen i Grov.
Henting av glasopor må skje etter avtale med grunneigar. Hugs at bruk av motorkjøretøy utanfor kjøreveg ikkje er tillatt!
Sumpskogen og elvesletta utanfor Grov er registrert som regionalt viktig naturtype – elvedelta; her er det viktige naturverdiar som må takast vare på.