Fellestenester

Fellestenester består av økonomi, informasjon, servicetorg og personal. Her kan du lese om nokre høgdepunkt og fokusområde frå 2022.

Året starta med at det var påbod om at alle som kunne ha heimekontor skulle ha heimekontor. Fyrst den 4. februar kunne vi endeleg gå attende til ein normal kvardag.  

Folkeavstemming

I januar og februar 2022 hadde service og informasjon ein del arbeid med folkeavstemmninga om deling av Innlandet fylke. Folkeavstemminga om vidareføring av Innlandet fylkeskommune var ei heildigital rådgjevande folkeavstemming som fann stad mellom 10. og 17. februar.

Digitale løysingar

I mai fekk kommunen på plass nytt streamingutstyr som betra kvaliteten på lyd og bilete. I tillegg fekk vi moglegheit til integrere sakslista og skrive namn på dei ulike talarane undervegs.

Det har og vore sett på ulike bookingløysingar både for ledige lokalar til leige, og for å booke tid hjå sakshandsamar i kommunen. Arbeidet held fram i 2023. Målet er å gjere det enklare for deg som innbyggjar å avtale møte med sakshandsamar, samt gjere dei ledige lokala meir tilgjengeleg for folk flest. I andre enden vil eit slik system forenkle kvardagen internt.

Kommunen har også gått over til esignering (elektronisk signatur). Det betyr at du nå stadfestar identiteten din via internett med til dømes BankID.

I 2022 vart arbeidsverktøyet Visma flytta opp til ei skyteneste. Enkelt sagt betyr det at Visma nå er tilgjengeleg heile tida, uansett kvar ein er. Kommunen slepp også å ha eigen serverpark til føremålet, noko som vidare lettar arbeidet for IT-avdelinga.

Flyktningsituasjon 

24. februar gjekk Russland i krig mot Ukraina. Norge opna for å gje kollektiv beskyttelse til ukrainarar som var (og er) på flukt frå krig, og det vart jobba med å etablere fleire mottaks- og busettingsplassar over heile landet. Lom kommune vart oppmoda til å ta imot 15 flyktningar, og avdeling for fellestenester vart involvert i arbeidet på ulike måtar. Lom kommune busette 16 flyktningar i 2022.

Oss i Lom, pridemarkering og Sankthans på Maihaugen

Gjennom våren og forsommaren hadde vi besøk av Frys Film som tok pulsen på ein god dag i Lom kommune. Fleire avdelingar vart filma og intervjua. Resultatet på filmen Oss i Lom hadde førpremiere under julebordet til Lom kommune, og vart og synt fram til kommunestyret. Sjå filmen.

Laurdag 11. juni vart pride markert Gudbrandsdalen og Lom kommune gjekk til innkjøp av 25 flagg som vart hengt opp på Fossbergom.

23. juni var det Lom sin tur til å ha underhaldninga under sankthans på Maihaugen. Både service og informasjon var involvert både før, under og etter. Omlag 50 aktørar frå Lom deltok, og bidrog med det til å vise fram Lom frå si aller beste side. Sjå bilete frå sankthansfeiringa.

Ny avdelingsleiar økonomi

I juli kom Anniken Stee att frå permisjon, og tok med det same på seg å vere avdelingsleiar for økonomi. Det var Randi vanDam som var inne som vikar på løn for Anniken, og vi vil nytte sjansen til å seie tusen takk for eit godt samarbeid til Randi – og velkomen attende til Anniken!

Beredskap

Gjennom det siste året har det vore mykje fokus på beredskap – både med øvingar og to reelle hendingar, der kommunen fekk testa beredskapen.

11. januar kom varselet om ekstremvêret Gyda og kommunen rigga seg for nokre hektiske døgn. Den 14. januar kunne vi sleppe ned att skuldrene og konkludere med at alt gjekk bra.

7. september kom det melding om eit steinras i Bøverdalen, rett ovafor Røisheim. Dette førte til redusert framkomelegheit, og mange måtte ta beina fatt for å kome seg på jobb. Service og informasjon kom raskt på banen for å sikre så god informasjon ut til innbyggjarar som mogleg. Dette er noko vi kontinuerleg jobbar med.

23. september hadde Lom kommune beredskapsøving med Statsforvaltaren i Innlandet. Scenario var ras på riksveg 15 i Vikedalane og steinsprang ved Leirmo i Bøverdalen. Her var heile fellestenesta involvert. Nokre på evakueringssenter og nokre på sentralbord.

Under øvinga kom det til syne at vi mellom anna må forsterke informasjonsavdelinga under kriser. Dette er det nå gjort noko med, slik at informasjonsansvarleg får litt avlasting.

I tillegg er beredskapskasse til evakueringssenter oppdatert og beredskapsplanen til kommunen er revidert.

Tilgjengelegheitserklæring og universell utforming  

Siste kvartal av 2022 hadde Lom kommune, og informasjonsavdelinga spesielt, eit fokus på universell utforming. I oktober 2022 lanserte Digdir ei løysing for tilgjengelegheitserklæring på uustatus.no, som alle verksemder i offentleg sektor pliktar å ha på plass på sine nettsider frå 1. februar 2023.

Føremålet med erklæringa er at verksemder blir gjort merksame på kva for delar av nettsida som ikkje samsvarar med god universell utforming, slik at dette blir retta opp. Arbeidet er tidkrevjande, og vil halde fram i 2023, men vi er langt komne og ei førebels erklæring vart klar innan fristen. Sjå førebels erklæring.

Nokre bildeglimt frå 2022

Oss i Lom 

Frys film tok pulsen på ein god arbeidsdag i Lom kommune