Barnehage og grunnskule

Kanskje kjem du til Lom med ein eller fleire ungar?
Da vil du gjerne at overgangen til ein ny plass skal bli så god som mogleg.
I Lom har vi to barnehagar, ein barneskule, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule.

Loar barnehage

Loar barnehage har rundt 70 ungar og ligg i gangavstand frå Lom sentrum (Fossbergom), med friluftsområdet Presthaugen og (barne)skulen Loar som næraste nabo. 
Barnehagen har fem avdelingar: To avdelingar for barn under 3 år og tre avdelingar for barn over 3 år.

Meir informasjon om Loar barnehage

Garmo barnehage

Garmo barnehage har rundt 30 ungar og ligg i Garmo, 15 km aust for Lom sentrum.
Barnehagen ligg flott til, med skogen som næraste nabo.  Det er to avdelingar i barnehagen: Lågkøyll`n og Høgkøyll`n.

Meir informasjon om Garmo barnehage

Loar skule

Loar skule har rundt 170 elevar og har klassetrinna 1 - 7. Skulen ligg nært inntil sentrum og har fine uteareal. Skulen driv m.a. aktivt med uteskule og ynskjer å stimulere til engasjement i arbeid med natur og kultur.
 

Meir om Loar skule

 

Lom ungdomsskule

Lom ungdomsskule har omkring 80-90 elevar delt på seks klasser. Skulen har auditorium, kantine og eit datarom med 30 maskinar. Utearealet er bra med ballbinge, stort plenareal og mange trivelege sitjeplassar.
Meir om Lom ungdomsskule

Nord-Gudbrandsdalen Vidaregåande skule avdeling Lom

I 2004 vedtok Oppland fylkeskommune å slå saman skulane i Norddalen til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. I 2013 kunne elevane i Lom flytte inn i "Utgard". Dette er eit fleirbrukshus med splitter nye lokale, inklusiv kantine, kulturstugu, idrettshall, treningssenter og vidaregåande skule. Nord-Gudbrandsdalen Vidareskule avd. Lom har tilbod om studiespesialisering og bygg.  


Meir om Nord Gudbrandsdalen Vidaregåande skule