Heimetenesta

Heimeteneste/heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp. Ein legg tilrette for at dei som vil skal få bli buande i eigen heim så lenge dei sjølve ønskjer det. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Lom.

Heimesjukepleie blir mellom anna gjeve til:

  • Deg som treng personleg stell
  • Deg som treng hjelp med måltid
  • Deg som treng hjelp til bruk av medikament sårstell, stomistell, blodprøvetaking m.m.
  • Deg som treng stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom

Vi kan og formidle behov for hjelpemiddel, og gje tilsyn og fagleg vurdering. Vi kan rettleie personar og pårørande i høve til demens og andre diagnoser eller livssituasjonar.

Vi rykkar og ut ved bruk av tryggleiksalarm. 

Kvalitetsstandardar

Dokumentet ”Kvalitetsstandardar for pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune” er ei presisering av korleis Lom kommune ynskjer å tilby sine tenester til innbyggjarane. 

Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg

Målgruppe for tenesta

Deg som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg.

Slik får du tenesta

Ta kontakt med Tildelingskontoret Lom og Skjåk

Pris

Tenesta er gratis.

Lovgrunnlag

Dette er ei lovpålagt teneste.

  • Rett til heimesjukepleie er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 fyrste ledd nr 6 bokstav a. 
  • Forvaltningsloven
  • Helspersonelloven
  • Pasient- og brukarrettigheitsloven
  • Forskrift om individuell plan
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta
  • Avgrensinga i helsepersonells adgang til å motta gåve (rundskriv)
  • Lov om pasientrettar kapittel 4A. Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp (rundskriv)

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket etter Forvaltningslova §§ 27.3 og 28 og Lov om helseteneste i kommunene §2-4. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til pleie og omsorg i Lom kommune innan 4 veker frå vedtaket er motteke. Pleie og omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Kontakt

Julianne Ramstad Plassen
Avdelingsleiar heimebasert omsorg
Mobil 474 60 296
Heimehjelp
Mobil 481 49 620
Demenskoordinator
Mobil 902 41 479
Dagsenter heimebuande
Mobil 481 65 524
Kreftkontakt
Mobil 901 06 933

Kreftkontakta er tilgjengeleg kvar onsdag. 

Koordinator kvardagsrehabilitering
Mobil 911 63 718