Dagsenter demenssjukdom

Dagsenteret er for personar som bur heime og som er under utgreiing for hukommelsessvikt eller har ei demensdiagnose. Brukar skal ha nytte og glede av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre. Brukar må ha eit funksjonsnivå slik at vedkomande kan fungere med lett tilrettelegging i daglege gjeremål/aktivitetar.

Dagsenter for heimebuande personar med hukommelsessvikt/ demenssjukdom

For å få plass på dagsenteret, må det søkjast om teneste ved å fylle ut søknadsskjema som gjeld kommunale pleie- og omsorgstenester. Tildelingskontoret for Lom og Skjåk handsamar søknaden og fattar einskildvedtak.

Du finn søknadsskjema på nettsida til Tildelingskontoret for Lom og Skjåk.

Målsetjinga for dagsentertilbodet er å gje brukarane ei oppleving av meiningsfulle aktivitetar, sosialt samvær, trivsel og tryggleik. Aktivitetane skal vera med å halde funksjonsnivået til brukarane ved like. Tilbodet kan fungere som avlastning for pårørande. 

Dagsenteret er ope Måndagar, tysdagar og torsdagar frå kl. 10 til kl. 14.30. Dagsenteret held stengt i høgtider og på heilagdagar.

Brukarane blir henta og bringa i kommunal bil.  Det er ein eigenandel pr 01.01.22:  Kr. 196,-

Dagen tek til og blir avslutta med eit måltid. Aktivitetane blir lagt opp etter brukaranes ynskjer og interesser. Prøver å legge inn litt fysisk aktivitet. 

Det er fire tilsette på dagsenteret; tre helsefagarbeidarar  og ein spesialsjukpleiar. Det er to tilsette til stades kvar dag. Sjukepleiar har det faglege ansvaret. Dagsenteret ligg organisatorisk under heimesjukepleia.

Dagsenteret held til i «Pensjonatet» ved sidan av Lom helseheim.

Kontakt

Kathrine Brandsar
Saksbehandlar tildelingskontoret
Telefon 948 48 724
Asta Runhild Turtum
Spesialsjukepleiar, koordinator hukommelsesteam
Mobil 902 41 479

Tilgjengeleg kvar måndag.