Lånereglar ved Lom folkebibliotek

Lånereglar

  • Det er gratis å bruke biblioteket
  • Som lånar blir du registrert og får lånekort
  • Er du under 15 år, må du ha underskrift frå føresette
  • Det meste som finst i biblioteket kan lånast med heim
  • Leksikon og andre oppslagsverk kan som regel ikkje lånast ut
  • Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på venteliste
  • Bøker, artiklar m.m. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek
  • Ny og etterspurd pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar rekne med å skaffe sjølve
  • Du kan søke i samlinga 

Lånetid

  • Bøker, lydbøker, musikk: 4 veker
  • Tidsskrift: 1 veke
  • Video: 1 veke
  • Språkkurs: 8 veker

Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom innom biblioteket eller logg inn på heimesida på Meg & mitt.

Gebyr 

  • 1. varsel er gratis. Dette blir sendt ut 14 dagar etter forfallsdato om det ikkje er venteliste. Er det venteliste på det lånte materiellet blir fyrste varsel sendt dagen etter forfallsdato.
  • 2. varsel er eit gebyr på kr. 50,- for vaksne lånarar (lånarar som har fylt 15 år).
  • 3. varsel er varsel om erstatningskrav. Har du fått varsel med purregebyr, må gebyret betalast sjølv om materiellet blir levert. Gebyret kan betalast kontant på biblioteket eller med Vipps. Viss du ikkje betaler gebyret på biblioteket, vil du motta faktura frå kommunekassen. Da må du betale eit faktureringsgebyr på kr. 50,- i tillegg.

Erstatningskrav

  • Bøker og lydbøker vaksne: 500 kr per bok
  • Bøker og lydbøker barn: 400 kr per bok
  • Film og musikk: 250 kr 
  • Tidsskrift og småtrykk: 150 kr

Kontakt

Lom folkebibliotek
Mobil 477 11 809