Lom friviljugsentral

Lom Friviljugsentral er ei stifting eigd av Lom Kommune, Lom Helselag og Lom og Bøverdalen Røde Kors.


                                                

Målsettinga er å vere eit knutepunkt for friviljug innsats i nærmiljøet. Friviljugsentralen ynskjer å gje fleire høve til å delta på arrangement i bygda, heve statusen til dei friviljuge, og vere eit supplement til offentleg verksemnd. Det er lange tradisjonar i Lom når det gjeld å ha omsorg for kvarandre. Samarbeidspartar er friviljuge, flyktningtenesta, NAV, vaksenopplæringa, Lom Helseheim, Lom folkebibliotek, med fleire.  

Føresetnadane for å få varige og gode tilbod:

  • Stor interesse frå folk i bygda. 
  • Lågterskeltilbod, alle som vil kan møte.
  • Uformelle grupper.
  • Friviljuge tek ansvar for grupper.
  • Dagleg leiar set i gang tiltak, og koordinerer dei.        

Friviljugsentralen treng fleire friviljuge - i alle aldre. Ta kontakt med oss! Du er velkomen innom i Drengjestugu, for ein uforplikta prat og kaffe. Vi ser fram til å sjå deg!

Lom Friviljugsentral Ella Hoel

Artikkelliste

Kontakt

Weronika Mokrzecka
Dagleg leiar Lom friviljugsentral
Telefon 901 82 957
Mobil 901 82 957

Opningstider

Måndag til fredag: kl.09.00-15.00

Lom friviljugsentral på facebook!

Adresse

Midtgard, Sognefjellsvegen 6,
2686 Lom
Besøksadresse:
Drengjestugu, Bergomsvegen 31