Natteravn

Kva er ein natteravn?

Natteravning handlar om å vere tilstades for barn og unge på kveldstid - ofte knytt til eit større arrangement i Lom. Ein ser at det har positiv effekt at det er synlege vaksne i sentrumsbildet når det er fest! No er det behov for natteravnar i Lom kommune! Natteravning i Lom er eit samarbeid mellom Lom kommune, FAU ved Lom ungdomsskule, Politiet og Lom friviljugsentral.

Bli natteravn!

Har du moglegheit til å bruke litt av tida di til å vere natteravn? Natteravnane i Lom hadde sett stor pris på om det hadde vore mogleg å ha namnet ditt på lista over natteravnar! Å vere natteravn er sosialt, triveleg, og eit positivt bidrag til lokalsamfunnet vårt!

Meld deg som natteravn i skjemaet under.