Vil du vere lomsven?

Vil du hjelpe flyktningar til å bli kjent i Lom, byggje nettverk, og få gode opplevingar saman med andre lomverar? Da er du velkomen til å ta kontakt med oss på friviljugsentralen i Lom. 

Kva er ein lomsven?

Ein lomsven er ein som tek seg litt tid til å bli kjent med nye innbyggjarar i Lom. Ein som finn på noko som både den nye innbyggjaren kan sette pris på og som du sjølv set pris på å gjere. Det kan vere både stort og smått, som å gå ein liten tur eller invitere på ein kopp kaffe. Som lomsven har du moglegheit til å bli kjent med nye menneske med ulik kulturell bakgrunn. 

Som lomsven vil du bli kopla saman med ein einsleg eller ein familie. Det blir og lagt vekt på felles interesse og livssituasjon.

Det er behov for vaksne i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. 

Eksempel på ting å gjere saman:

  • gå på fritidsaktivitetar
  • sjå ein fotballkamp
  • lære å lage mat frå den andre sitt land
  • syne turområder i nærmiljøet osb.

Tips til deg som er lomsven

  • Snakk om kva for forventningar de har til kvarandre, og kva de ynskjer å gjere saman. Det er lov å setje grenser for kva du kan bidra med.
  • I fleire kulturar er synet på tid og avtalar annleis enn i Noreg. Det kan vere lurt å ha klare avtalar og forsikre seg om at begge partar har forstått kor og når aktiviteten skal vere.
  • Ordninga er 100% friviljug, og kvar enkelt dekkjer eigne utgifter. Det er positivt å gjere ting saman som kostar minst mogleg.
  • Spør om det skal takast spesielle omsyn i høve til mat (nokon et til dømes ikkje svinekjøtt).

Dersom det oppstår misforståingar eller utfordringar som er vanskelege å løyse, er det berre å ta kontakt med Friviljugsentralen.

Korleis bli lomsven? 

Ta kontakt på telefon, e-post eller stikk innom friviljugsentralen, vi held til i Drengjestugu på  gamle Loar. 

Velkomen som lomsven!