Frisvoldskogen

alt="" - Klikk for stort bilde

Tomtene

I Frisvoldskogen II er det to ledige bustadtomter til framfeste, nr. 20 og 21 (sjå kartutsnitt, markert med raud sirkel).
Tomtene ligg øvst i Spelmannsvegen i Garmo. Det er Lom kommune som festar tomtene. 

Tomtene er tilrettelagt for tilkobling til vatn og avlaup, men vil krevje noko opparbeiding. 

For å bygge her må du betale ein eingongskostnad (refusjonsbeløp) på kr. 131 500 pr. tomt og ei årleg festeavgift på ca. kr. 615 pr. tomt, i tillegg til gebyr knytt til oppmåling og tinglysning m.m. Festeavgifta blir indeksregulert kvart tiande år.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon. Tomtene kan ikkje brukast til utbygging av fritidsbustad. 

Området

Frisvoldskogen ligg i Garmo, eit trygt og roleg område for både liten og stor.
Garmo er ei grend lokalisert omtrent 15 minutt frå Fossbergom og Vågåmo, lett tilgjengeleg frå Riksveg 15.
Her er det mange fine turløypar og kort tilgang til nydelege Tesse og eit stort løypenett på Lemonsjøen for både alpin- og langrennsinteresserte. Du har kort veg til handelstilbod i Lom og Vågå, i tillegg er det ein kafe i Garmo (Skogheim) og eit utsalg for lokalmat (Parklund). 

Barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du 15 minutt unna, i Lom sentrum (Fossbergom). Barnehage finn du i Garmo. 

Lom kommune

Lom ligg i Nord-Gudbrandsdalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2200 innbyggjarar.

Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna  og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også gode tilbod innan kultur- og idrett. 

Kontakt

Erik Lindseth
Tenesteleiar kommunal eigedom
Mobil 470 24 500