31.05.2021 - Kor er vi nå? Oppdatering frå prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod

 31.05.2021 hadde styringsgruppa i prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod pleie og omsorg møte, og vidare finn du ei lita oppdatering på prosjektet. 

Kunnskapsinnhenting

Lom kommune - i lag med norddalskommunane Skjåk, Vågå, Lesja, Dovre og Sel - samarbeidar med NTNU om å innhente kunnskap om korleis innbyggjarar på 55+ tenkjer om eigen alderdom. Bachelor- og masterstudentar i ergoterapi og/eller sjukepleiarar nyttar norddalen som ein "living lab", og skal skrive bachelor og masteroppgåver om dette. Kunnskapssamlinga dei gjer lokalt, skal inngå i kunnskapsgrunnlaget for korleis den framtidige pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune skal sjå ut. 

  • Bacheloroppgåvene er nå ferdige, og trinn to blir førebudd. 

Pilotering av nytt steg i omsorgstrappa 

  • Vi arbeider med grunnlaget for ei pilotløysing, som går ut på å dekkje det manglande tenestetrinnet mellom heim eller omsorgsbustad, og institusjon. 

Vi håpar dette kan løyse kapasitetsutfordringar på stutt sikt, samstundes som vi får testa ut eit alternativt tiltak for det framtidige bu- og tenestetilbodet for pleie og omsorg i Lom kommune. 

Leiarutviklingskurs som verkty for prosjektet

Tenesteleiar pleie- og omsorg, leiar for heimebasert omsorg, sals- og driftsansvarleg i Utgard, næringssjef, og prosjektleiar skal nytte LAP2-leiarutdanninga som verkty for innovasjon i prosjektet. 

  • Vi har intervjua innbyggjarar på 55+ om korleis dei ser på å bli gamle i eigen bustad. Intervjua er lagt opp etter same mal som kunnskapsinnhentinga til NTNU, slik at informasjon kan samkøyrast. 

Samarbeid med friviljuge organisasjonar 

Vi har byrja å knyte band med ulike friviljuge organisasjonar i Lom. Ein førebels plan er å sjå om desse ynskjer å arbeide tettare saman om tiltak og ressurar, for å styrkegjennomslags- og gjennomføringskrafta til friviljug sektor. Eit vesentleg element i dette er at vi finn kryssande interesser og skapar tiltak saman. Ein absolutt føresetnad her er at dei friviljuge ser seg tent med eit slik samarbeid. 

Dette arbeidet er som nemnt berre påbyrja, og vi vil gjerne ha innspel på friviljuge organisasjonar som kan vere aktuelle. Dersom du har tankar eller tips kring dette, kan du sende innspel til prosjektleiar direkte eller sende inn via skjema.

  • Lom kommune har fått tilskot på kr 300 000,- til aktivisering og sosialisering av sårbare eldre langtidsbebuarar ved Lom helseheim og i omsorgsbustadar. 

Andre påbyrja prosessar

  • Utreiing av kommunal bustadmasse
  • Utreiing av rettsleg regulering av omsorgsbustadar
  • Kartlegging av demografi
  • Kartlegging av tilgjenge på helsepersonell

Har du innspel eller tankar kring framtidig bu- og tenestetilbod i Lom? 

Du som innbyggjar, er ein viktig premissleverandør for korleis framtida i Lom vert sjåande ut. Har du innspel eller tankar?

Vi vil gjerne høyre frå deg! Kva er du nøgd med, og kva kunne vore betre? Kva tenkjer du om eigen alderdom, uavhengig av om den er her no, eller ligg langt inn i framtida? Kva ynskjer du for deg sjølv, og for dei du er glad i? Har du tankar om korleis vi kan få det til? Kva kunne du tenkje deg å bidraga med? Har du ein god idé, eller er det noko som gneg på deg?

I skjemaet under kan du sende inn innspel anonymt. Om du ynskjer å skrive under med namn, kan du gjere dette i sjølve teksta. Du kan òg kontakte prosjektleiar Ingrid Husom direkte på telefon 416 83 761, og e-post Ingrid.Husom@lom.kommune.no