Aktive saman startar opp att i Utgard 2. desember, kl 11!

Aktive saman startar med sirkeltrening i hallen i Utgard, frå onsdag 2. desember, kl. 11:00! 

Instruktør er fysioterapeut Sivert Jonassen. Kom og bli med på kjempefin trening. Og vi har eit stort ynskje om at fleire karar blir med på dette flotte tiltaket.
Det blir 3 gongar før jul.

Inngangen til idrettshallen er på nedsida av Utgard mot fotballbana.

Du er hjarteleg velkomen! 

Vi fylgjer Folkehelseinstituttet sine smittevernreglar.
Har du spørsmål kring tiltaket, ta kontakt med Lom Fysioterapi eller Lom Friviljugsentral.

PS: Det blir dessverre ikkje servert lunsj etterpå.