Arrangement og aktivitetar retta mot ungdom 

 Har di bedrift, lag eller organisasjon arrangement/aktivitetar retta mot ungdom? Ta gjerne kontakt med ungdomskonsulenten i Lom kommune! 

Vinn-vinn-situasjon for arrangør og ungdom!  

I vår tilsette Lom kommune ein ungdomskonsulent (Oscar Amundrød) som skal vere med å legge til rette for at ungdom i Lom skal trivast. Oscar er godt i gang med arbeidet og mellom anna har han i samarbeid med Lom friviljugsentral fått på plass ein møteplass for ungdom i 2. etasje i Losjihuset der friviljugsentralen held til.  

Vi veit at fleire bedrifter og lag/organisasjonar med jamne mellomrom har aktivitetar og arrangement som er retta mot ungdom. Dette ynskjer Oscar å få informasjon om, slik at han kan vidareformidle til ungdomen kva som skjer i Lom.  

Har di bedrift, lag eller organisasjon noko på agendaen framover?  
Ta kontakt med Oscar:  

Telefon: 980 39 180
E-post: Oscar.amundrod@lom.kommune.no  

Fylg ungdomskonsulenten på Instagram og Snapchat