Bli med på Stillingssleppet 12. mars 2021!

Stillingsleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. Vi oppmodar arbeidsgjevarar som har ei ledig stilling og/eller planlegg å lyse ut stillingar, til å bli med på stillingsleppet. Alle arbeidsgjevarar er velkomne til å delta, og det er gratis å vere med.

Om stillingssleppet:
- Ledige stillingar blir publisert på www.komtiloss.no 12. mars 2021
- Det er gratis for arbeidsgjevarar å vera med og få sine stillingar publisert
- Du får gratis marknadsføring og auka synlegheit ved å vere med
- Arbeidsgjevarar kan sjølve legge inn sine jobbannonsar på komtiloss.no

- Følg gjerne med Facebook-arrangementet her.

Synleggjering og fleire søkjarar
Stillingsleppet skal skape synleggjering – for å bidra til fleire søkjarar og tilflyttarar. Vi ynskjer å vise fram mangfaldet av arbeidsplassar i vår region. I tillegg vil vi bidra til at næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar både regionalt og nasjonalt, og at dei dermed får ei større søkjarmengde.

Ledige stillingar som di bedrift skal lyse ut i løpet av 2021 er relevante

  • Veit du for eksempel allereie at de treng sommarvikarar?
  • Om oppstart er lenger fram i tid, kan søknadsfristen vere lang. Vi tilrår minimum to vekers søknadsfrist frå 12.mars 2021 for stillingane som blir registrert.
  • Det kan vere deltidsstillingar eller heiltid, vikariat eller fast tilsetting.

Tidsplan

1. februar: Portalen for å legge inn stillingar, www.komtiloss/arbeid, blir opna

9. mars: Siste frist for å legge inn stillingar

12. mars: Stillingssleppet 2021. Stillingane publiserast på www.komtiloss.no

1. juli: Dei siste stillingane avpubliserast og erstattast av nyheitsstrøm frå arbeidsplassen.no

 

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne!

 

Med vennleg helsing

Christoffer Biong 97652797 // christoffer.biong@regionkontoret.no
Stian Høglien 98833723 // stian.hoglien@regionkontoret.no