Byggesak – alle søknadar skal sendast inn elektronisk

Foto: Ivan SamkovDet er for tida redusert kapasitet på byggesak i Lom og Skjåk kommunar. Ein må derfor vente seg lengre saksbehandlingstid.

Saksbehandlar på byggesak er tilgjengeleg på telefon alle kvardagar med unntak av onsdag.

Alle søknadar skal sendast inn elektronisk

Kommunane går over til at alle søknadar skal sendast inn elektronisk. Skal du gjere noko på eigen eigedom og er usikker på om du må søkje, kva du må søke om eller korleis du fyller ut søknaden? eByggesak hjelp deg med alt dette gjennom vegleiaren på deira nettside.

Har du framleis spørsmål eller noko du lurar på kring utfyllinga, så kan du ta kontakt med saksbehandlar måndag, tysdag, torsdag og fredag.  

Profesjonelle i Lom og Skjåk skal nytte eigne søknadsskjema

Nye, digitale løysingar for byggesøknadar gjer det enklare å levere komplette søknadar som gjev raskare saksbehandlingstid. På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider finn du informasjon som hjelp deg med å finne riktig løysing for deg.

Profesjonelle aktørar i Lom og Skjåk blir invitert til opplæring i elektronisk utfylling 24. november. Meir informasjon om dette kjem vi attende til.

Les meir om byggesak på våre nettsider.