ID-kontroll ved skattekontoret på Otta 2022

Som utanlandsk borgar i Norge treng ein eit norsk identitetsnummer (ID-nummer) om ein skal bu eller jobbe her.

For at ein skal få eit norsk ID-nummer må skatteetaten kontrollere identiteten til vedkommande. Ein slik kontroll kan ein få ved skattekontoret på Otta. 

Skattekontoret på Otta har sett opp følgande datoar i 2022: 

Torsdag 17. februar 
Torsdag 24. mars
Torsdag 5. mai
Torsdag 2. juni
Torsdag 7. juli
Torsdag 18. august 
Torsdag 20. oktober 

Kva for krav som blir stilt til legitimasjon avheng av statsborgarskapet ein har, samt opphaldsgrunnlaget ein har i Norge. 

Les meir om ID-kontroll på skatteetaten.no