Ikkje gløym stillingssleppet 12. mars! Har di bedrift ei ledig stilling?

Stillingssleppet 2020 - Klikk for stort bildeStillingssleppet 2020 Regionrådet Nord-Gudbrandsdal    
Suksessen Stillingssleppet arrangerast på nytt i 2020! Dette er gratis å vere med på, og alt av stillingar som skal lysast ut i 2020 er relevante.

Sleppet er den 12.mars. Fristen for å registrere ledige stillingar er 6. mars på www.komtiloss.no 

Målet med Stillingssleppet er tredelt:

  • Sikre fleire søkjarar med høg kompetanse til ledige stillingar i regionen. Jo fleire registrerte stillingar, jo meir synlegheit vil sleppet få.
  • Belyse mangfaldet i arbeidslivet i Nord-Gudbrandsdal.
  • Legge til rette for at par eller familiar som ønskjer å flytte til Nord-Gudbrandsdal kan finne relevant arbeid for begge to

Det er gratis å registrere sine stillingar på Stillingssleppet, og alt av ledige stillingar som di bedrift skal lyse ut i løpet av 2020, er relevant.

  • Veit du for eksempel allereie at de treng sommarvikarar?
  • Om oppstart er lenger fram i tid, kan søknadsfristen vere lang. Det bør vere minimum to vekers søknadsfrist (frå 12.mars) for stillingane som blir registrert.
  • Det kan vera deltidsstillingar eller heiltid, vikariat eller fast tilsetting.

Du får gratis marknadsføring, og auka synlegheit ved å vera med på Stillingssleppet.

Vi bruker mykje ressursar på å annonsere via aviser, på nett og i sosiale medier, slik at vi når ut til relevante arbeidstakarar i heile Norge. Ei annonse for 100 ledige stillingar får fleire klikk enn 100 ulike annonsar for ei ledig stilling.
Samtidig bidreg du i eit viktig tilflyttingstiltak i Nord-Gudbrandsdal.

Registrer di stilling på stilling.komtiloss.no innan 6.mars!

Har du spørsmål? Ta kontakt med Iselin Vistekleiven: iselin.vistekleiven@regionkontoret.no / 91643500.

Stillingssleppet arrangerast av Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.

Kontakt

Iselin Vistekleiven
Prosjektleder
Mobil 916 43 500