Kan du vere besøksheim for eit barn i 10-årsalderen?

Barneverntenesta har behov for ein besøksheim for eit barn i 10-årsalderen.

Einsleg, eldre eller vaksne utan andre barn i hus er ynskjeleg. Det er viktig at besøksheimen har erfaring med ungar og det er ynskjeleg, men ikkje eit krav, at besøksheimen har erfaring med diagnoser/barn med spesielle omsorgsbehov.

Besøksheimen bør ikkje vere ein aktiv familie, men like enkle aktivitetar som å gå på tur i skogen o.l. Det er eit barn som toler stress dårleg og høgt aktivitetsnivå bør dermed bli unngått. Vaksne som er rolege, konsekvente og strukturerte er viktig. Besøksheimen må også ha gode samarbeidsevner. Vi treng nokon som er villige til å ta på seg eit slik oppdrag over tid for unngå endringar for barnet og brot i relasjonar.

Dersom du/dykk er interessert eller har spørsmål, så ta kontakt med Kristin Kalbakk på tlf.nr. 415 37 287.

Tuna Ölger_pixabay