Kunne du tenkje deg å stille opp som friviljug?

Lom kommune er førebudd på at det kan bli ein tøff vinter med mykje smitte. Det er ikkje sikkert det blir det, men betre føre var enn etter snar. Vi gjer derfor som vi gjorde i mars 2020, og spør om du kan hjelpe til om det skulle bli behov.  

Smitteverntiltaka som er gjeldande nå, gjer forhåpentlegvis at vi slepp å sette i verk beredskapsplanane våre. Dersom vi likevel skulle få ein situasjon med mykje smitte, er vi avhengig av å kunne hjelpe kvarandre. Våren 2020 la vi ut ei oppmoding om å melde seg som friviljug. Det var det mange som gjorde. Vi håpar sjølvsagt at de som melde dykk, framleis har moglegheit til å trø til ved behov.  

Vidare ynskjer vi sjølvsagt å ha så mange som råd på denne lista. Det kan vere alt frå utkøyring av mat og medisinar, til enkle omsorgsoppgåver i helsesektoren. Eller å hjelpe til med reinhald eller enkle vaktmeistertenester. Oppgåvene kan vere mange, og vi veit ikkje akkurat nå kva vi treng hjelp til, men du blir ikkje sett til noko du ikkje vil meistre.  

Vi set utruleg stor pris på alle som kan bidra med både smått og stort! 

Du kan melde deg som friviljug via skjemaet under. Er du usikker på om dette er noko for deg, eller lurar på noko kring dette, kan du ringe tenesteleiar Tonje Barkenæs Eggen (916 86 342).