Kvar bør dagsturhytta vår vere?

Lom kommune har vedteke å sette opp ei dagsturhytte, men kvar tykkjer du den bør plasserast? Send inn ditt innspel!

Dagsturhytta Otta - ei lita hytte med store glas. Her står mange folk ute og inne og nyt varm drikke ein efta før jul. - Klikk for stort bildeDagsturhytta Otta Destinasjon Otta

Dagsturhytta Innlandet

Dagsturhytta er eit prosjekt i regi av Innlandet fylkeskommune, som skal fremje nærfriluftslivet og skape nye møteplassar i lokalmiljøet. Prosjektet finansierast mellom anna av spelemidlar og av Sparebankstiftelsen DNB, i tillegg til ein eigenandel frå kommunen. I Lom er det vedteke at det skal setjast opp ei dagsturhytte i 2024.

Når det gjeld plassering av dagsturhytta har fylkeskommunen satt nokre krav og forventingar, til dømes:

  • Turmålet skal vere lett tilgjengeleg og stimulere til auka bruk av nærfriluftslivet
  • Startpunkt bør vere nær ein tettstad i kommunen (Garmo, Galdesand eller Fossbergom)
  • Bør liggje i samband med eksisterande turmål, med tilhøyrande stiar og skilting
  • Bør vere tilstrekkeleg med parkeringskapasitet ved startpunkt

Vi ynskjer innspel frå dykk!

Vi set nå i gang prosessen med å finne ut kor dagsturhytta i Lom skal liggje, og håpar på innspel frå dykk. Fyll ut spørjeskjema nedst på sida. Ha gjerne punkta over i bakhovudet når du kjem med innspel.

Send inn forslaget ditt innan 19.03.23.

Har du meir du vil dele når det gjeld dagsturhytta? Ta kontakt med bygdeutviklar Hege på e-post hege.olimb.myhre@lom.kommune.no eller telefon 453 12 269.

 

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269