Lom kommune er med i Digi Innlandet

Digi Innlandet er eit strategisk og operativt samarbeid innan digitalisering og tenesteutvikling for kommunane i Innlandet og Innlandet fylkeskommune.

Digi Innlandet 

Føremålet med Digi Innlandet er å jobbe saman på strategisk nivå for å styrke den samla kompetansen og dele på nøkkelkompetanse, auke gjennomføringskrafta i utbreiing og gevinstrealisering av nasjonale fellesløysingar. I tillegg skal Digi Innlandet vere premissgjevar og pådrivar i det nasjonale utviklingsarbeidet. 

operativt nivå dreiar arbeidet seg konkret om innføring av felleskomponentar (som til dømes Fiks-plattformen) gjennom innføringshandbøker, felles metodikk og felles malar, slik at utbreiinga og bruken av løysingane går raskare og blir betre for kommunane og innbyggjarane. Samarbeid reduserer risikoen for eit "digitalt klasseskille" mellom kommunane. 

Digi Innlandet er godt i gang med arbeidet, og i nyheitsbrevet for februar kan du lese meir om aktivitetar som har vorte gjennomført og kva som er planlagt dei neste månadane. 

Du kan og lese meir om Digi Innlandet her. 

Administrasjonssjef i Lom kommune Elin Fjeldberg er med i styringsgruppa frå februar 2022.