Markering av verdsdagen for psykisk helse - livet under og etter ein pandemi

Den 10. oktober er det den internasjonale verdsdagen for psykisk helse. I Lom blir dette markert fredag 8. oktober i Presthaugen. 

I samband med verdsdagen for psykisk helse inviterer, Psykisk helseteneste Lom og Skjåk, Lom friviljugsentral og Ergo- og fysioterpitenesta Lom og Skjåk til ei markering i Presthaugen. 

Her vil kommunepsykolog Ivar Morten Gjellesvik seie nokre ord, og vidare vil det vere sosialt samvær med mat, kaffe og trim. Arrangementet er gratis og ope for alle - både små og store, og du deltek på det du sjølv ynskjer.

Dato: Fredag 8. oktober 2021
Tid: kl. 11:00 
Stad: Ved scena i Presthaugen 

Les meir om verdsdagen for psykisk helse på verdensdagen.no  

Ver oppmerksam. Ver til stades. Følg opp.