Nyheitsbrev frå Digi Innlandet - desember

Digi Innlandet er eit strategisk og operativt samarbeid innan digitalisering og tenesteutvikling for kommunane i Innlandet og Innlandet fylkeskommune. 

Digi Innlandet 

Føremålet med Digi Innlandet er å jobbe saman på strategisk nivå for å styrke den samla kompetansen og dele på nøkkelkompetanse, auke gjennomføringskrafta i utbreiing og gevinstrealisering av nasjonale fellesløysingar. I tillegg skal Digi Innlandet vere premissgjevar og pådrivar i det nasjonale utviklingsarbeidet. 

nyheitsbrevet for desember kan du lese meir om aktivitetar som har vorte gjennomført og kva som er planlagt i 2023.  

Du kan lese meir om Digi Innlandet her. 

Kommunedirektøren i Lom kommune, Elin Fjeldberg, vart med i styringsgruppa frå februar 2022.