Sjekk røykvarslaren din!

Test av røykvarslar_www.sikkerhverdag.no_DSBHalvparten av alle dødsbrannar skjer i bustadar utan røykvarslar som virkar. Sjå til at røykvarslarane fungerer i bustaden din. 

Alle bustadar og fritidsbustadar i Noreg skal ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. Du bør teste varslaren jamnleg, og helst kvar månad. Eit-års batteri bør ein byte kvart år.

Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal da byrje å pipe. Om den ikkje gjer det, må du bytte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar.

Byt batteri

Dersom du har røykvarslar med eit-års batteri bør du byte batteri minst ein gong i året. Gjer det gjerne til ein hugseregel å byte batteri den 1. desember, som er Røykvarslardagen.

Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Da må du byte batteriet med ein gong. Etter at du har bytta batteri, sjekk at det fungerer ved å trykkje på testknappen. Om røykvarslaren har nytt batteri og ikkje reagerer, er batteriet defekt og du må byte det med ein gong.

Levetid på røykvarslarar

Ein røykvarslar bør ein normalt byte ut etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skitt kan detektoren bli ustabil, og gje falske alarmar fordi  sensoren blir skitten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vere kortare.

Les tips til eigenberedskap på sikkerhverdag.no