Skal du på større arrangement? Test deg med sjølvtest før du reiser!

 På bakgrunn av pågåande smitteutbrot i Skjåk, vil vi understreke at ein skal halde seg heime om ein er sjuk, ha lav terskel for testing ved luftvegssymptom og ha god handhygiene.

I tillegg oppmodast alle som skal delta på større arrangement dei neste dagane om å teste seg med sjølvtest før deltaking.

Ein kan hente sjølvtest på legekontoret i Lom, og det er ikkje nødvendig å ringe for å avtale henting.

Personar med luftvegsymptom, skal ta kontakt på koronatelefonen (481 65 519) som før.