Statsforvaltaren med gåve til Lom helseheim

Plantebrett frå Statsforvaltaren 4. juni 2021.  I dag dukka Statsforvaltaren opp med gåve til Lom helseheim - eit plantebrett med 24 kålplanter av ulike slag. Dette vart gjort som ein takk for innsatsen og godt samarbeid gjennom koronapandemien. 

Statsforvaltaren i Innlandet ynskjer gjennom sitt arbeid med Inspirasjonskorpset å gje noko attende til kommunane som ein takk for god innsats og godt samarbeid gjennom koronapandemien. 

Dette gjer dei ved å levere ut gratis plantebrett til alle sjukeheimar i Innlandet. Dei ynskjer å spre livsgnist, planteglede og matglede som eit symbol på håp om at vi nærmar oss meir normale tider. I tillegg ynskjer dei å inspirere til dyrking av eigenproduserte og stuttreiste grønnsaker for auka matproduksjon. 

Tiltaket blir gjort i samarbeid med grøntprodusent Louise Gjør. Inspirasjonen fekk dei gjennom samarbeidet med Innlandet Bondelag, Nogro og Louise Gjør, som leverer ut plantebrett til alle dei 380 barnehagane i Innlandet. 

Brettet består av 24 planter, ein planteduk og litt gjødsel. Det følgjer og med ei bruksanvising med informasjon om plantene, og kva som er lurt å gjere undervegs. 

Plantene som vi fekk i dag blir planta i kjøkenhagen, og sidan vi har så dedikerte kokkar på Lom helseheim kan vi vere trygge på at kålplantene vil bli nytta. 

Synne Skogsrud (kommunalsjef helse), Kristin Husom (sjukepleiar) og Knut Arne Olstad (merkantilt personell) tok imot gåva. 

Mange takk til Statsforvaltaren! Dette var ei triveleg helsing! 

 

Oppdatering kl 12:00: Ein times tid etter gåva var motteke hadde plantene kome i jorda.