Testing av nytt system for naudvarsel via mobiltelefon

Onsdag 14. juni 2023 blir det test av eit nytt nasjonalt system for å varsle befolkninga om alvorlege hendingar via mobiltelefon. Når du mottek naudvarselet, vil telefonen din vibrere og spele ein sireneaktig lyd.

Naudvarsel skal brukast til å varsle befolkninga på mobiltelefonen om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Det kan vere radioaktivt utslepp, terror eller andre ulykkes- og katastrofesituasjonar der befolkninga må varslast raskt.

Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva for område som skal varslast, og som sender ut varselet. Naudvarsel er eit supplement til dei kanalane som allereie blir brukt for å varsle befolkninga - altså eit tillegg til tyfonvarslinga og politiets etablerte varslingsrutiner.

I ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar, som til dømes radio, tv, nettaviser, myndigheitenes eigne nettsider og på sosiale media.

14. juni 2023 klokka 12:00 blir det ein nasjonal test av naudvarsel på heile befolkninga.

Kva skjer når du får eit naudvarsel?

Eit naudvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva ein bør gjere for å beskytte seg sjølv. Naudvarsel blir sendt via mobilnett og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område.

Dette betyr at både norske og utanlandske mobiltelefonar som er i området vil motta varselet, anten på norsk eller engelsk.

Dette skjer når du får eit naudvarsel:

  • Telefonen vibrerar og spel av ein høg sireneaktig lyd.
  • På skjermen kjem det ei stutt tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere.
  • Om telefonen din støttar tekst til tale kan du få meldinga lest opp.

Når du mottek eit naudvarsel skal du stoppe opp, lese eller lytte til varselet og følge rådet.

Varselet blir motteke og vist på alle mobiltelefonar som er:

  • Skrudd på.
  • Kobla til mobilnettet (4G/5G).
  • Oppdatert med naudsynt programvare.

Kven kan motta varsel?

Folk treng ikkje å melde seg på, registrere seg eller gjere andre ting for å kunne motta naudvarselet. Dei fleste moderne telefonar skal kunne motta varsel.

Det er ikkje mogleg å reservere seg mot å få naudvarsel. Dette betyr at «alle» som har ein mobiltelefon, også barn, unge og sårbare grupper, kan motta slike varsel. Veit du om nokon som kan bli skremt av denne testen, så informer dei om dette. Det vil også framgå i varselet at det er ein test.

Du finn meir informasjon om naudvarsel på nettsida www.nodvarsel.no