Vaksine mot sesonginfluensa 2021/2022

Personar i risikogruppa/målgruppa er tilrådd å ta vaksine mot sesonginfluensa. Nå kan også personar utanom desse gruppene få vaksinen.  

Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at personar utanom målgrupper kan få vaksine mot sesonginfluensa framover.

Lom kommune tilbyr derfor influensavaksine til tilsette som er særskilt utsett for influensasmitte eller som er kritiske for beredskapen i kommunen. Aktuelle yrkesgrupper kan vere tilsette i skule og barnehage, vatn og avlaup, renovasjon, teknisk etat, utrykningspersonell med fleire.

For vaksinen må du betale eit gebyr på kr. 50,-.

Ynskjer du vaksine, ta kontakt med Lom Helsestasjon for timeavtale tlf. 976 67 746 eller 976 67 747.