Vi søkjer ferievikar i pleie og omsorg for sumaren 2024!

Har du lyst på ein variert og spanande sommarjobb? Då er dette noko for deg! 

Vi treng ferievikarar til ulike avdelingar i pleie og omsorg. Søknadsfrist 30.04.2024

Er du sjukepleiar/vernepleiar, helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar som har erfaring frå tilsvarande arbeid innan pleie og omsorg?

Eller er du student innan helsefag- eller pedagogisk utdanning, elev på vidaregåande eller ufaglært?

Da er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Lom kommune. Vi oppfordrar både gutar og jenter til å søkje. 

I pleie og omsorg har vi fleire avdelingar vi treng ferievikarar til;

  • Institusjon
  • Kjøken
  • Heimehjelp
  • Heimesjukepleie
  • Dagsenter 
  • Miljøarbeidarteneste
  • Brukarstyrt personleg assistanse
  • Avlastning/aktivisering i høve barn med ulike funksjonshemminga

 

Vi tilbyr: 

  • Ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår
  • Opplæring og moglegheit for allsidig erfaring 
  • Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå på tenestene 
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Du får moglegheit til å arbeide på arbeidsplass i stadig utvikling 

 

Det krevs førarkort klasse B for arbeid i Heimesjukepleia, heimehjelpa og dagsenter. 

 

Primærarbeidsperiode frå veke 26 til og med veke 33. 

Arbeidstid:  Etter gjeldande turnus med arbeid annakvar helg. 

Nærare opplysningar: 

For institusjon og kjøken, kontakt Guro Einbu, tlf. 404 37 941

For heimehjelp, heimesjukepleie eller dagsenterkontakt Guro Einbu, tlf. 404 37 941

For miljøarbeiderteneste, brukarstyrt personleg assistanse eller avlastning, kontakt Ann Kathrin Flækøy, tlf. 47 45 32 41.

 

Ber om at du si søknaden skriv kva for arbeidsplass du ynskjer å vere ferievikar og kva for veker du ynskjer å jobbe !

Høyrest dette spennande ut for deg?

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad seinast 30.april 2024.