Vil du vera meddommar i lagmannsretten, tingretten eller jordskifteretten?

Lom kommunestyre skal velje nye meddommarar til Vestre Innlandet tingrett, Eidsivating lagmannsrett, jordskifteretten.

I tillegg skal kommunen fremja forslag til skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkeskommunen.
Dette gjeld for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028.

 

Meddommarar


Meddommarane har ein viktig funksjon når domstolane behandlar og avgjer saker.  Meddommarane deltek i straffesaker i tingretten og lagmannsretten, og bidrar til å vurdere om den tiltalte er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få.  Meddommarar i jordskifteretten deltek i saker som gjeld fast eigedom. 

Den som veljast må ha tilstrekkelege norskkunnskapar og for øvrig vere personleg egna til oppgåva. Vedkomande må ha alminneleg god digital kompetanse, og i tillegg må vedkomande;

  • vera over 21 år og under 70 år
  • ha røysterett i offentlege saker
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling, eller i konkurskarantene
  • stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen
  • vera statsborgar i Noreg / anna nordisk land, eller stå innført i folkeregisteret som busett i landet dei tre siste åra.

 

Ein del personar kan vere utelukka på grunn av at dei innehar visse stillingar og på grunn av vandel. Dette er beskrive i Domstollova § 71 og  § 72.


I tråd med Domstollova § 67 skal utvala av meddommarar ha “en allsidig sammensetning, slik at de best mulig representerer alle deler av befolkningen. Kommunen skal oppfordre allmennheten til å foreslå kandidater til valget.”
For meir informasjon, sjå www.domstol.no


Skjønnsmedlemmar


Lom kommune skal foreslå kandidatar til utvalet til fylkeskommunen. Den øvre aldersgrensa på 70 år i Domstollova §70 andre ledd - gjeld ikkje for skjønnsmedlemmer. Det er behov for skjønnsmedlemmer med kompetanse knytt til ulike sider av verdifastsetting, bruk og drift av eigedom.

 

Kan du tenkje deg å vere meddommar eller skjønnsmedlem sjølv, eller har du forslag til kandidat(ar)? Fyll inn skjema under:


Her kan du lese meir om domstollova § 70 - 72