Vil du vere med å stake ut vegen vidare for kultur og friviljugheit i Lom?

Utgard fleirbrukshus sett frå lufta - Klikk for stort bildeUtgard fleirbrukshus sett frå lufta Ola Ø Rossehaug  Måndag 28. mars klokka 19:00 inviterer vi deg som er oppteken av kultur og friviljugheit til arbeidsmøte i Utgard. Om du er engasjert som privatperson, forelder, deltakar, gjennom verv eller har jobb innafor kultur eller friviljugheit ønskjer vi å høyre dine tankar og innspel.

I Utgard denne kvelden kan du drøfte viktige problemstillingar knytt til kultur og friviljugheit i Lom saman med andre engasjerte, og du får høve til å kome med tankar og innspel kring tematikken. Alt dette skal takast med vidare inn i kommunen sitt arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel som er under utarbeiding.

For å lage eit opplegg tilpassa antal deltakarar treng vi at du melder deg på. Fyll ut namn og kontaktinformasjon og kva lag/organisasjon du eventuelt representerer i skjemaet, og send inn. Du kan også melde deg på ved å sende ein e-post til anne.silje.berg@lom.kommune.no.

Kommuneplanens samfunnsdel skal bidra til ei betre og meir heilskapleg planlegging av utviklinga i kommunesamfunnet og i kommuneorganisasjonen.