Varsel om oppstart av planarbeid, områderegulering Lågkollen nærings- og industriområdeFormannskapet i Lom gjorde 10.06.2025 i sak PS 2025/ 38 vedtak om å starte opp arbeidet med områderegulering for Lågkollen nærings- og industriområde (planid. 34340014).Planområdet ligg øvst i Vårdalen i Garmo. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere nytt nærings- og industriområde med tilhøyrande infrastruktur. Dette då det per i dag ikkje er att ledige næringstomter i eksisterande industrifelt i Prestøya/Gjeisarøya/Skjæsarøya. Planen skal utarbeidast av Felles plankontor forLom og Skjåk kommunar, og er tenkt endeleg handsama til sommaren 2026.Varsel om planoppstart omfattar følgjande dokument:VarselbrevSaksprotokollPlanprogramAdresselisteDesse dokumenta finn du nedst denne artikkelen.Planområdet er på om lag 253 daa, og området si avgrensing går fram av kartet under. Fleire kart, utfyllande informasjon og ei liste over kvaeigedomar som er omfatta av planarbeidet finn ein i vedlagde kopi av utsendt oppstartvarsel med tilhøyrande vedlegg. Lågkollen nærings- og industriområde. Planområdet er på omlag 253 daa.Ein kan komme med innspel til planarbeidet. Innspel kan sendast som brev til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom - eller på e-post til post@lom.kommune.no. Frist for innspel er sett til 28.09.2025.Spørsmål om reguleringsplanen kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar ved:Øyvind Pedersen, tlf. 47 33 36 78, e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no ellerTherese Moe Øye, tlf. 94 49 87 88, e-post: therese.moe.oye@lom.kommune.no Varsel om oppstart av planarbeid Tittel Publisert Type Adresseliste.pdf Adresseliste 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Adresseliste.pdf Saksprotokoll oppstart La°gkollen.pdf Saksprotokoll oppstart Lågkollen 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Saksprotokoll oppstart Lågkollen.pdf Melding om oppstart av planarbeid for La°gkollen nærings- og industriomra°de - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf Varselbrev 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om oppstart av planarbeid for Lågkollen nærings- og industriområde - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf RP La°gkollen Planprogram 20250807.pdf Planprogram 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned RP Lågkollen Planprogram 20250807.pdf Publisert 11.08.2025 15.02
Informasjonsmøte 14. mars om fiberutbygginga i Bøverdalen Telenor skal totalt bygge ut fiber til rundt 1000 husstandar og bedrifter i Nord-Gudbrandsdalen, inklusiv Bøverdalen. Det blir eit informasjonsmøte om ...
Foredrag i Lom: Trafikksikkerheit og ungdom Torsdag 31. januar fekk 200 ungdomar og eit tjuetals vaksne i Lom storfint besøk av Ivar Ringen frå Trygg trafikk. Staden var kulturstugu i Utgard, og ...
Siste nytt om alpinplanane i Bøverdalen Per Tore Berg har pr. 22. januar 2018 levert inn eit innspel til kommuneplanen sin arealdel. Det er mange som er interessert i dei nye planane, og der...
Møte om dugnadsfiber 19. februar. Er du gira på betre breibandsdekning? Måndag 19. februar blir det arrangert to møte om dugnadsfiber saman med Eidsiva og private initiativtakarar. Sje...
Nytt til næringslivet, 1. utgåve, 2018 2018 er i gong for fullt, og det er på høg tid med eit nytt nyheitsbrev!
Feiing/tilsyn av hytter, sætrar og fritidsbustadar Hytter, sætrar og fritidsbustadar er pålagt feiing og tilsyn i regi av Lom og Skjåk brannvesen.
Retningslinjer for IBU-midlar i landbruket for 2018 No er dei nye retningslinjene for investering og bedriftsutvikling i landbruket her.Desse gjeld for Innlandet (Hedmark og Oppland) i 2018.Det vil bli ...
Kommunalt tilskot til landbruk 2018 Retningsliner for bruk av næringsfondet i Lom kommune (PDF, 183 kB) er blitt revidert og er vedtatt av Lom kommune og godkjent av Fylkesmannen i Oppla...
Bu i Lom? Er du på leiting etter ein plass å bu i Lom, eller har du ein plass til sals eller utleige?
Varmtvannsbading med Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk Treninga er retta mot dei som har ledd- og muskelplagar.