Er du sjukepleiar? Vi har 100% fast stilling til deg!

Pleie- og omsorgsavdelinga søkjer etter sjukepleiarar med arbeidsplass, nå for tida, på Lom Helseheim. Det er ledig tre 100% faste stillingar med oppstart etter avtale. Søknadsfrist: fortløpande.   

Kom og jobb med oss! B. Ross

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Ha sjukepleiefagleg ansvar for behandling og oppfølging av pasientar og pårørande, der omsorg og kvalitet står i fokus.
  • Følgje opp og vidareutvikle gode rutinar i avdelinga, med rom for å delta i spennande, fagleg utviklingsarbeid.
  • Sikre god kommunikasjon og samhandling, bidra til eit godt internt og tverrfagleg samarbeid.
  • Være ein aktiv bidragsytar til eit godt og trygt arbeidsmiljø, der trivsel er ein sentral faktor.

 

Arbeidstid og fleksibilitet: 

Du vil jobbe etter gjeldande turnus med dag-/seinvakter, eventuelt natt, og arbeid kvar tredje helg – eller langvakter kvar fjerde helg.

Vi er fleksible og tek omsyn til dine ynskje i turnusplanlegginga. Vi har også ein god avtale for høgtidsturnus, som gjev deg betre oversikt og balanse i kvardagen.

Vi leitar etter deg som:

  • Har, eller i nær framtid kjem til å få offentleg godkjent autorisasjon som sjukepleiar
  • Meistrar norsk både munnleg og skriftleg
  • Er ein trygg person med fokus på fag og pasienttryggleik
  • Er strukturert, sjølvstendig og målretta, med gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg team
  • Er ein positiv pådrivar og er med på å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og dei du arbeider med

 

Kvifor velge Lom kommune som arbeidsstad?

  • Du får bu og arbeide midt i smørauga av Jotunheimen – fantastiske moglegheiter for tur, jakt og fiske rett utanfor døra.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver som utfordrar og utviklar deg fagleg.
  • Tverrfagleg samarbeid der dine innspel og erfaringar blir verdsett.
  • Høgt fagleg nivå med fokus på velferdsteknologi og framtidsretta løysingar.
  • Dedikert fagmøtetid i turnus, slik at du får rom til fagleg fordjuping og utvikling.
  • Eit triveleg og dyktig arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som støttar og heiar på kvarandre.
  • Nytt, moderne og framtidsretta bygg er under konstruksjon, og vil innehalde m.a. fleire heilt nye avdelingar og nytt dagsenter
  • Tilsetjing på kommunale vilkår

Er du ein av dei vi ser etter? 

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein søknad, det er fortløpande søknadsfrist!

Vil du vite meir om stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt med: 

Avdelingsleiar Guro Einbu,  telefon 404 37 941 // e-post: guro.einbu@lom.kommune.no

Avdelingssjukepleiar Nina Gården, telefon 488 96 477 // e-post: nina.garden@lom.kommune.no      

 

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

 

Alle foto nedanfor: Live Andrea Sulheim

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

Kontakt

Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941