Flyktningtenesta

 Flyktningtenesta har ansvaret for oppfølging av dei som er busatt etter anmodning av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet dei siste fem åra. Ansvaret for introduksjonsprogrammet ligg her. Tenesta sitt mål er å sørgje for at alle får den bistanden som krevst for god etablering i eit nytt land.

Kva gjer flyktningtenesta

Tenesta gjev praktisk burettleiing og er ein viktig kontaktperson for flyktningane. Tenesta yter rettleing og integreringsarbeid generelt i lokalsamfunnet. Elles er arbeidsoppgåvene mange og varierte, og ein arbeider tverrfagleg som eit kontaktledd mellom flyktningane og andre samarbeidspartar. Målet er å følgje opp kvar einskild flyktning på best mogleg måte.

Høgdepunkt 2020

Kommunen har over dei siste åra vore prega av fråflytting av flyktningar. Dette skuldast i hovudsak at det er liten moglegheit for vidare utdanning og arbeid. I 2020 var det 19 flyktningar busatt i Lom kommune. Totalt sju personar flytta frå Lom i løpet av året.