Bustadbistand og kommunale bustadar

Her finn du informasjon om bustadbistand og kommunale bustadar. Klikk på nedtrekksmenyane for å lese meir under kvart tema. (Sida er under revidering, og vil bli oppdatert i løpet av juni 2024)

Bustadbistand

Dersom du treng hjelp til skaffe deg eller beholde ein egna bustad kan du ha rett på bistand frå kommunen.

Etter §6 i Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet skal kommunen gje individuelt tilpassa bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kommunen har gjennom denne lova ikkje plikt til å skaffe bustad, men å hjelpe til med å skaffe egna bustad. Det er opp til kommunen å vurdere kva for bistand som skal gjevast. Kva slags bistand ein får og omfanget av bistanden tilpassast søkar sitt behov. Bistanden kan gå ut på råd og rettleiing og i nokre tilfelle praktisk bistand.

 

Kommunal bustad

Lom kommune eig fleire kommunale bustadar som alle er lokalisert i eller i nærleiken av Lom sentrum. Kommunale bustadar er eit behovsprøvd verkemiddel i hovudsak for å bistå vanskelegstilte på bustadmarknaden til å leige ein eigna bustad. Dei kommunale bustadane kan delast inn i kategoriane omsorgsbustad og ordinær bustad. Ingen av dei kommunal bustadane er møblerte.

 

Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad (ordinær og omsorgsbustad) blir politisk behandla i juni 2024. Denne sida blir oppdatert når retningslinjene er vedteke. 


Ta gjerne kontakt med Lom kommune dersom du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan:

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje

Trude Slettom
Økonomikonsulent
Mobil 481 65 536

Ansvar for fakturering, purring og inngåande faktura. Kommunale bustadar. 

Kathrine Brandsar
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724
Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269