Kommunale bustadar Lom kommune har rundt 20 kommunale utleigebustadar som kan leigast ut etter søknad. Målet er at nokre av desse skal vere eit førebels alternativ for deg som slit med å finne ein plass å bu i Lom, eller som ynskjer å leige ei periode før du skal kjøpe deg bustad. Kommunen kan og leige ut til næringsaktørar som treng bustad til sesongtilsette. Nokre av bustadane er reservert til vanskelegstilte og til omsorgsbustadar. Det er bustadgruppa som tildeler dei kommunale bustadane, med unntak av omsorgsbustadar som blir tildelt av Tildelingskontoret Lom og Skjåk. Vi gjer merksam på at ingen av dei kommunale bustadane er møblerte. Ta gjerne kontakt med Lom kommune dersom du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan: Kontaktperson for ordinær utleige og utleige til vanskelegstilte: Trude Slettom Kontaktperson for næringslivet (ved behov for korttidsutleige i sesong): Åshild Myhre Amundsen Kontaktperson omsorgsbustadar: Tildelingskontoret Lom og Skjåk ved Kathrine Brandsar Les Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad. (PDF, 131 kB) Send inn søknad om kommunal bustad. Publisert 16.06.2021 13.50 Sist endret 20.01.2023 15.44