Bøverdalen

Bøverdalen er eit dalføre i Lom kommune med namn etter elva Bøvra, som renn gjennom dalen. 

Dalføret byrjar i kommunesenteret Fossbergom/Lom og går sør-vestover i retning SognRiksveg 55 fylgjer Bøverdalen til Kvandalsvoll, der dalen tek seg ein avstikkar der Neto Sætergrend ligg. Riksveg 55 går frå Kvandalsvoll og sørover Leirdalen, som ligg parallelt med Bøverdalen. Ved Jotunheimen Fjellstue går Riksveg 55 over til Bøverdalen att, og Leirdalen fortset rett sørover.

I Bøverdalen er det fleire turistattraksjoner, mellom anna er det utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen i dalen. Bøverdal kyrkje er frå 1864 og har utskore inventar. Bøverdalen sokn deler prest med Lom og Garmo sokn. Dalføret har mange turiststader, mellom anna Røisheim, ein gamal skysstasjon, Sulheim gard med mange verna bygg, og Elveseter.

Sagasøyla, ei 34 meter høg søyle laga av biletkunstnaden Wilhelm Rasmussen, vart i 1992 reist ved Elveseter turisthotell i Leirdalen, ein sidedal til Bøverdalen. Søyla, som opphavleg vart kalla Eidsvollsøylen, var laga for Eidsvolls plass føre Stortinget. Ein modell i full storleik vart sett opp på prøve i 1926, men det vart mykje kontroversar, og søyla vart ikkje ferdigstilt før i 1992.

Henta frå wikipedia.no(02.nov2016)