Fossbergom

Fossbergom, også omtala som tettstaden Lom, er administrasjonssenteret i Lom kommune i Innlandet.

Namnet Fossbergom kjem av Prestfossen, ein foss i Bøvra som renn ut i Otta rett ved Fossbergom. Her finn du ein av Norges største stavkyrkjer, Lom stavkyrkje. Du finn Norsk Fjellmuseum, Lom bygdamuseum og Fossheim Steinsenter. Det er også noko trevare- og møbelindustri, vidaregåande skule og fleire turistføretak.

I 2008 vart Fossbergom peika ut som nasjonalparklandsby av Miljøverndepartementet.

 

Henta frå wikipedia.no(02.nov2016)