Garmo

Garmo sokn er den austlegaste delen av Lom kommune og grensar til Vågå i sør og aust, til Lesja i nord, og til hovudsoknet i vest. Fjellet på båe sider høyrer med til Vårdalen statsålmenning. På nordsida vart denne ålmenninga mykje mindre i 1870-åra, ved at området i Finndalen saman med ein del av Strondaålmenninga og noko av Liafjellet i Finndalen vart overført til eit nytt adminstrasjonsområde, kalla Finndalen statsålmenning. 

Vårdølane har brukt og brukar fjellområdet i sør som ein del av gardsdrifta og livberginga. Reinsgraver finn ein ved Gråvåhøi og Koppane, i Smådalen og i Veodalen. Det er utnyttinga av fjellet og særleg fiskeretten på Tesse som skil Garmo sokn frå resten av bygda og set grense mot Vågå, ei grense det i lang tid stod strid om. Fiskeretten på Tesse er i dag utvida.

Det tok lang tid før vegen mellom Garmo og Fossbergom vart forbetra, etter at han vart bygd i 1840-åra. I Vårdalen var det motstand fordi dyrka jord måtte avgjevast, og for liingane var og ein veg gjennom sjølve Vårdalen mindre interessant. Dermed vart traseen utanom Lomskollen vald, og vegen bygd i 1890-åra (ferdigstilt i 1898), Men det synte seg snart at vegen var bygd for annan trafikk enn den som snart skulle koma, og allereie i 1919 kom det klage til vegdirektøren over standarden på vegen. Den nye vegen gjennom Vårdalen vart så teken i bruk i 1955.

Det er mykje som har bunde soknet saman, mange fellesoppgåver som gardane har teke opp av seg sjølve, eller som har kome som påbod utafrå. Som i andre delar av bygda har samarbeidet og synt seg i form av skiping av mange friviljuge organisasjonar dei sise 100 åra.

 

-henta frå "Bygdabok for Lom" bind 1.