Viktig melding

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

 

NY RENOVASJONSORDNING FRÅ 2025

Frå 01.01.2025 vart det ny renovasjonsordning. Meir om dette finn du her. 

 

Skjeltreko

  Sjeltreko symboliserer den gamle vasskulturen vår og også alt slitet som måtte til for å halde liv i bygda. Sidan Lom kommune har dette som symbol i kommunevåpenet, har sjeltreko pryda den kommunale symbolbruken i ulike former.

Alt på 1600-talet var sjeltreko brukt som symbol på bygdefana som vart opphengt i Lomskyrkja og som heng der den dag i dag over midtskipet.

Det var ein stor teknologisk vinning da vass-spreiarane kom, og Nyrnesspreiaren vil i ettertid stå som eit bilete på høg teknisk standard.

  • Skjeltreko skal vere forankra i høgre/venstre kant og i nedre kant. I øvre kant skal ikkje kulene på toppen av illustrasjonen vere med i trykken. Det skal alltid være utfallande trykk.
  • Sjeltreko skal attgjevast i PMS 4975 i låg rasterverdi. Illustrasjonen skal ha ein vag attgjeving (5-10%) og må ikkje dominere.
  • Skjeltreko som vassmerke skal fyrst og fremst bli brukt på meir offisielle dokument men kan også brukast i andre trykksaker.
  • Sjektreko som vassmerke skal berre kombinerast med bruken av kommunevåpen/ kommunelogo - ikkje saman med perler eller Kom til Lom!

Last ned skjeltreko: 

Skjeltreko 50 cm PMS 4975 - PNG (PNG, 705 kB)
Skjeltreko 25 cm PMS 4975 - JPG (JPG, 2 MB)