Bøvra (Bøvre, Bøvri).
Elva Bøvra er eit verna vassdrag, og har sitt utspring frå Bøverbrean, som er ein av tre brearmar på Smørstabbrean (Bøverbrean, Leirbrean, Sandelvbrean). Smørstabbrean er den største breen i Jotunheimen og er rundt 14 km² stor.
Bøvra drenerar store delar av Jotunheimen, og ein god del av Breheimen. Dette er såleis ei typisk flaumelv, der variasjonane i vassmengda kan sprike frå 1 m3 til 300 m3 i sekundet. Bøvra er også rekna for å vera av dei mest slamdrivande elvene i heile Noreg, dette grunna all slam og sediment forårsaka av breane våre.